Andre

Vassarv: roman

av Inger Bråtveit

kr 429,00

Bestillingsvare – sendes normalt innen 2–4 virkedager. Fri frakt over 500,-

ISBN
9788249526857
Forlag
Oktober
Utgivelsesår
2023
Sidetall
219
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Ei mor køyrer med dottera fastspent i baksetet frå Oslo til staden ho kjem ifrå, ei bygd på Vestlandet. For dottera er det ein biltur gjennom timar og landskap, men for mora vert ei reise inn og ut av ulike tider, tilbake til heimstaden og oppveksten på eit lite gardsbruk.

«Vassarv» er ein roman om å vera fire år, om å ynskja seg eit kjæledyr, om å oppdaga verda på eiga hand, om mora si sorg og glede over å sjå barnet sitt veksa opp. Det handlar om overgangane i livet, om brota som fylgjer med i den naudsynte lausrivinga på veg til eit eige liv, i dotterskapen og morskapen.

«Vassarv» er ein rik roman, om minne, slektskap, tap og tilhøyrsle. Det er ei gripande og medrivande forteljing, full av subtile og kraftfulle rørsler mellom det kvardagslege og det storslegne, som aldri mistar av syne korleis livet brutalt går sin gang.

Inger Bråtveit

Inger Bråtveit (f. 1978) debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. I 2015 vart ho nominert til Ungdommens kritikerpris for romanen Alice A4. Vassarv er hennar femte roman.