Andre
Brennbart
kr 99,00
Ikke tilgjengelig
- ISBN
- 9788205336971
- Forlag
- Gyldendal
- Utgivelsesår
- 2004
- Sidetall
- 141
- Språk
- Nynorsk
- Format
- Heftet
- Status
- Utgått fra forlaget
Beskrivelse
Førestellinga om ei tett kopling mellom Nasjonal Samling og målrørsla vart forma i dei første åra etter krigen. Seinare vart den bygd ut av eit riksmålsforbund med særs mykje å skjula, og deretter av historikaren Hans Fredrik Dahl, av forfattaren og politikaren Lars Roar Langslet og av mange andre. Denne aggressivt kunnskapsfiendtlege linja i kulturpolitikken fører mellom anna til bokbrenning på Oslos beste vest så seint som i 1999. Nynorsk og annan motkultur skal reinskast ut og makteliten tek på seg jobben.
Kjartan Fløgstads bitande pamflett teiknar eit bilete av korleis revisjonistiske og inkompetente historikarar og politikarar har freista å knusa det språklege mangfaldet, og med det skapa djupare kulturelle sprekker i Norge enn på hundre år.
Kjartan Fløgstad
Kjartan Fløgstad (f. 1944) er forfattar med ei fortid som industriarbeidar og sjømann. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, og har sidan gjeve ut ei lang rekkje bøker innanfor ulike sjangrar. Men det er som romanforfattar Fløgstad er besat kjend. Frå Dalen Portland (1977) og fram til Magdalenafjorden (2014) har han vore ei av Noregs mest respekterte og prislønte skjønnlitterære stemmer. Kjartan Fløgstad har vore oppteken av fotball så lenge han kan hugse.