Andre

Vestlandets historie. Bd. 2.: samfunn

av Anna Elisa Tryti, Arnvid Lillehammer, Knut Helle, Ottar Grepstad

kr 599,00

Ikke tilgjengelig

ISBN
9788241904028
Forlag
Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår
2006
Sidetall
414
Språk
Bokmål
Format
Innbundet
Status
Utgått fra forlaget

Beskrivelse

VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå – i forhold til resten av landet og ei større omverd.

Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag.

Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!