Andre

Vardane: roman

av Martin Baldysz

kr 429,00

1 på lager

Sendes innen 1–2 virkedager. Fri frakt over 500,-

ISBN
9788234007507
Forlag
Samlaget
Utgivelsesår
2022
Sidetall
133
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Eit brutalt drap har råka fjellheimen, og ei
ung seterjente er ettersøkt. Lenge etter at
leitinga er avslutta, byrjar rykta å svirre:
Jenta er sett der oppe, i fjella. Sel og eldhus
har vorte brotne opp, ting manglar. Det seiest
at ho vil snakke med presten.

Sebastian Ribe, presten i bygda, legg i veg.
Med seg får han den fjellvane sauebonden
Reidar Skåren. For det å hjelpe presten med
å spore opp seterjenta er vel ein framifrå
sjanse for Reidar å vise at han framleis er
Fjellmannen i bygda?

«Vardane» er ein roman om ein uventa venskap,
om ei gåtefull leiting i rå natur – og om tre
menneske som, utan at dei veit det sjølv, på
kvart sitt vis er fortapte.

Terningkast 5! «Snål og vakker […] Motstrøms, gammelmodig og vakkert om ei hulder, en prest og en ensom fjellmann […] noe helt for seg selv.»
– Cathrine Krøger, Dagbladet

Terningkast 5! – Stavanger Aftenblad

På høgd med det beste […] Det er uhyggeleg og vakkert. Det er grufullt og hjarteskjerande, men det siste avstår eg frå å seie noko om. Det er trass i alt ei slags krimgåte i botnen. Det er gåtefullt – men dermed blir òg Martin Baldysz' forteljing eit lite stykke poetisk tekst med stor overføringsverdi.
– Ingvild Bræin, Dag og Tid