Andre

Tallboy: roman

av Therese Bakkevoll

kr 429,00

1 på lager

Sendes innen 1–2 virkedager.

ISBN
9788234003493
Forlag
Samlaget
Utgivelsesår
2023
Sidetall
309
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Nominert til Bibliotekets litteraturpris 2024!

På eit psykiatrisk sjukehus kjempar både tilsette og pasientar for å oppretthalde kontroll. Dokter Falk luktar stadig oftare av alkohol og har begynt å overnatte på kontoret, flyktningen Bilal får ikkje opphaldsløyve og har slutta å ete, og den tidlegare skodespelaren Katharina skiftar namn og set opp teater i tv-stua. Sjølv er miljøterapeuten T på randa etter søvnlause netter. Frå vindauget på avdelinga ser ho over til staden der krigsskipet Tirpitz blei bomba, og som farfar hennar var med på å hogge opp etter krigen. No ligg han for døden og all direkte kunnskap om det som skjedde, er i ferd med å forsvinne. Og då ein ny pasient, som påstår at han er Noregs første astronaut, blir tvangsinnlagt, gir ho seg over til han – til det einaste mennesket som ser henne for den ho verkeleg er.