Andre
Ramstein pensionat
av Guri Sørumgård Botheim, Sigrid Sørumgård Botheim
kr 449,00
Bestillingsvare – sendes normalt innen 2–4 virkedager. Fri frakt over 500,-
- ISBN
- 9788252175066
- Forlag
- Samlaget
- Utgivelsesår
- 2009
- Sidetall
- 197
- Språk
- Nynorsk
- Format
- Innbundet
Beskrivelse
Sigurd tek opp den gamle hobbyen sin: å spionere på storesyster Debbey. Han avlyttar rom og telefonar, tjuvkopierer brev og dagbøker og spionerer på godt gammaldags vis. Så arvar Debbey Ramstein pensionat. Ikkje berre dukkar det opp ei rekkje mannlege beundrarar, Debbey avdekkjer òg gradvis løyndommar frå fortida til tante Margrethe, den tidlegare eigaren av pensionatet. Og kven er den mystiske Humbrent?
Guri Sørumgård Botheim
Guri Sørumgård Botheim (f. 1978) kjem frå Lesja og flytta nyleg til nabokommunen Dovre, etter mange år i Trondheim. I lag med systera Sigrid debuterte ho med romanen Ramstein pensionat i 2009. Sigrid og Guri har vore humorskribentar saman og er kjente for særeigne framføringar. I 2016 gav Guri ut Heime mellom istidene, ei diktsamling om kva det vil seia å kjenne seg heime, om ansvar og om erindring som tinar fram. Høgfjellsmeldinga vidarefører tema frå diktsamlinga, men knyter seg nærare eit dagsaktuelt konfliktstoff: Kven har rett til å bruke fjellet og til kva? Guri har eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå NTNU og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho arbeider som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.