Andre

Norsk og moderne

av Gunnar Skirbekk

kr 99,00

Ikke tilgjengelig

ISBN
9788282260190
Forlag
Res publica
Utgivelsesår
2010
Sidetall
252
Språk
Nynorsk
Format
Heftet
Status
Utgått fra forlaget

Beskrivelse

Kva er det vi bør feire i 2014, ved tohundreårsjubileet for 1814? Kven er vi, og korleis vart vi det? Kva inneber det å vere medborgar i dette samfunnet? Kva vil det seie å vere norsk og moderne? Og kva inneber dét for integrering og deltaking i eit moderne norsk samfunn? Denne teksten er eit bidrag til begrepsorientert folkeopplysning for gamle og nye landsmenn, og samtidig ein politisk pamflett som utfordrar dominerande oppfatningar om kva det er å vere norsk og moderne. I Gunnar Skirbekks bok framstår dei norske moderniseringsprosessane annleis og som meir spennande enn mange trur – i utgangspunktet som noko å vere stolt over, men og problematiske og utfordrande. Skirbekk fortel vår historie som ein stadig pågåande motsetnad mellom embetsmannselitar og folkelege rørsler. Gunnar Skirbekk er internasjonalt eina va våre mest kjende nolevande filosofar. Han var assistent for Herbert Marcuse i California, har samarbeidd med Jürgen Habermas og Karl-Otto Apel, og har alltid vore internasjonalt utadretta. Hans mange bøker og artikler er omsette til over tjue språk, inkludert kinesisk, islandsk og usbekisk. I denne boka vender han blikket heimover, og gir sitt bidrag til diskusjonen om kva det vil seie å vere norsk.