Andre

Fimbul: roman

av Kjartan Fløgstad

kr 169,00

Ikke tilgjengelig

ISBN
9788205232280
Forlag
Gyldendal
Utgivelsesår
1995
Sidetall
296
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet
Status
Utgått fra forlaget

Beskrivelse

Det er 1978. Ein mann løftar jarn i kjellaren på Gunneng videregåande skule medan lærarane har fest med raudvin og ABBA i etasjen over. Ein bombekastar forsvinn frå Soma Leir, den militære etterretninga rører på seg. Det gjer også to av lærarane ved Gunneng. Saman med mannen i kjellaren køyrer dei austover i ein begravelsesbil med tung last i kista bak. I Oslo skal Begin og Sadat motta fredsprisen. Fimbul er ein roman i kliv over fortid og forfedrar, om vår tids tomrom, om grensa mellom fornuft og galskap, og om trongen til å få orden på verda.

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad (f. 1944) er forfattar med ei fortid som industriarbeidar og sjømann. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, og har sidan gjeve ut ei lang rekkje bøker innanfor ulike sjangrar. Men det er som romanforfattar Fløgstad er besat kjend. Frå Dalen Portland (1977) og fram til Magdalenafjorden (2014) har han vore ei av Noregs mest respekterte og prislønte skjønnlitterære stemmer. Kjartan Fløgstad har vore oppteken av fotball så lenge han kan hugse.