Moderne litteratur
Dette er også vatn: roman
kr 179,00
Ikke tilgjengelig
- ISBN
- 9788249519712
- Forlag
- Oktober
- Utgivelsesår
- 2018
- Sidetall
- 162
- Språk
- Nynorsk
- Format
- Innbundet
- Status
- Utgått fra forlaget
Beskrivelse
"Dette er også vatn" er ei bok om å vere dotter, mor, stemor, ektefelle, syster. Det handlar om fødsel og død, om kva som skal til for å halde seg skrivande, levande, og om korleis sanning og løgn verkar under ulike vilkår. Og om korleis liva våre er bundne saman, og korleis livet til eit enkelt menneske er forbunde med større kollektive og politiske strukturar.
Med "Dette er også vatn" har Inger Bråtveit skapt ein hybridroman der personlege hendingar, essayistiske refleksjonar, dokumentarisk stoff og dikting vert blanda saman på nye og overraskande måtar. Det som vert fortald står fram som akutt og i nærleiken av grunnvilkåra, både eksistensielt og etisk.
Inger Bråtveit
Inger Bråtveit (f. 1978) debuterte i 2002 med romanen Munn mot ein frosen fjord. For romanen Siss og Unn vart ho i 2008 nominert til Kritikerprisen. Bråtveit har motteke fleire litterære prisar, mellom anna Nynorsk litteraturpris og Bjørnsonstipendet. I 2015 vart ho nominert til Ungdommens kritikerpris for romanen Alice A4. Vassarv er hennar femte roman.