Andre

Winnebagopila: roman

av Leif Erik Otterå

kr 389,00

Bestillingsvare – sendes normalt innen 2–4 virkedager.

ISBN
9788281633322
Forlag
Kapabel
Serie
Martinus Brekke, bok 2
Utgivelsesår
2025
Sidetall
216
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Ein varm sommardag i 1873 kjem Martinus Brekke og reisefølgjet fram til den vesle stasjonsbyen Ridgeway i det nordaustlege Iowa. Livet blir ikkje heilt som dei nyframkomne hadde tenkt seg, og ei dramatisk hending snur om på fleire planar.

Det har gått vel tjue år sidan dei første nybyggjarane kom og urfolket blei jaga vekk. Vi følgjer innvandrarane gjennom det første trekvart året i Amerika og får eit innblikk i livet til både nybyggjarar og urfolk.

Boka er oppfølgjaren til Draumen om ein flat åker, men kan også lesast for seg.