Andre

Tung tids tale: roman

av Olaug Nilssen

kr 429,00

Bestillingsvare – sendes normalt innen 2–4 virkedager.

ISBN
9788252190274
Forlag
Samlaget
Utgivelsesår
2017
Sidetall
155
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie.

«- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet.
– Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet. Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje.
– På øyret til bilen.»

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp?

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Opplesing: Olaug Nilssen