Andre

Grense Jakobselv: roman

av Kjartan Fløgstad

kr 199,00

Ikke tilgjengelig

ISBN
9788242147301
Forlag
Lydbokforlaget
Utgivelsesår
2009
Språk
Nynorsk
Format
Lydbok (CD)
Status
Utgått fra forlaget

Beskrivelse

Grense Jakobselv er ein roman om makt og ideologi, om kva krigen endra, og kva som blei attende. Vandraren og skuggen hans, handlingsmennesket og opportunisten. Tidleg på trettitalet gjer to velutdanna unge tyskarar eit val, som fører dei til Oslos Victoria terrasse, til Grense Jakobselv og endå lenger, over grensa. Og sidan over alle grenser, der dei blir herrar over liv og død. Den andre verdskrigen tar slutt, og blir til kald krig. Sjølv i krigens tåke finst det alltid ei grense mellom godt og vondt. Går dette skiljet framleis same stad? Skremt av forfedranes misgjerningar prøver ein ung nordmann å gjera det rette ved å følgja lover og reglar. Endar han likevel med å gjera urett?

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad (f. 1944) er forfattar med ei fortid som industriarbeidar og sjømann. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, og har sidan gjeve ut ei lang rekkje bøker innanfor ulike sjangrar. Men det er som romanforfattar Fløgstad er besat kjend. Frå Dalen Portland (1977) og fram til Magdalenafjorden (2014) har han vore ei av Noregs mest respekterte og prislønte skjønnlitterære stemmer. Kjartan Fløgstad har vore oppteken av fotball så lenge han kan hugse.