Andre

Kron og mynt: eit veddemål

av Kjartan Fløgstad

kr 379,00

Bestillingsvare – sendes normalt innen 2–4 virkedager.

ISBN
9788205255067
Forlag
Gyldendal
Utgivelsesår
1998
Sidetall
521
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet

Beskrivelse

Tjerand Fonn ser linjene i barokkskulpturen slynga seg inn i hans eigen kropp. Den grunnrike Pål Seland svinger ljåen over plenen slik han lærte det i utslåttene. Preikestolen i Stavanger Domkyrkje fortel ei erotisk historie. Gro Ruud er ein politisk komet frå låglandet austafjells. Over heile Europa trugar storflaumen med å fløyma over det politiske landskap. Leo Silber tryllar fram nakne kvinner og kappløver frå Moskva til Amsterdam. Samson Avsenius kjører att og fram gjennom forteljinga. Papirhistorikaren Johann Georg Bouziane finn vassmerke på blanke ark og under flaumen av typografiske teikn. Over heile forteljinga kometen på himmelen, fiskane i havet, fridomstreet i jorda. Og pengane som snurrar rundt og rundt: Mynt og kron. Kron og mynt.

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad (f. 1944) er forfattar med ei fortid som industriarbeidar og sjømann. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968, og har sidan gjeve ut ei lang rekkje bøker innanfor ulike sjangrar. Men det er som romanforfattar Fløgstad er besat kjend. Frå Dalen Portland (1977) og fram til Magdalenafjorden (2014) har han vore ei av Noregs mest respekterte og prislønte skjønnlitterære stemmer. Kjartan Fløgstad har vore oppteken av fotball så lenge han kan hugse.