Moderne litteratur

Alt inkludert: roman

av Marit Eikemo

kr 449,00

Ikke tilgjengelig

ISBN
9788252187403
Forlag
Samlaget
Utgivelsesår
2015
Sidetall
319
Språk
Nynorsk
Format
Innbundet
Status
Utgått fra forlaget

Beskrivelse

Skarpt portrett av Noreg

Agnes og dottera Maja på 6 år flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag, utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng.

I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg.

Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd – nedlest av ting, på evig jakt etter meir.